Tuesday, January 27, 2009




Kome med mat til deg i vedaskogen
Mjuke kringler i ei korg
Knasande steg over kvite marker
Varsame steg over frosen elv

Saga rasar mot ein stamme
du høyrer ikkje meg
ikkje slike stille steg
Høyrer ikkje at eg står hos deg i skogen
med mjuke kringler i ei korg

Masken driv ikring deg
Auga dine smalnar utan vern
Kjevane strammar seg av tyngda
der inne i stammen av tørre mørke ringar
frå kaldare vintrar enn denne

Eg tek det siste steget inn
Du glepp
Eg riv ei remse av trøya mi
og bitt kring såret ditt

Vi et mjuke kringler frå ei korg
vi drikk
vi høyrer det piple frå såret i stammen
vi høyrer det piple frå såret i deg

Thursday, January 22, 2009

innst i draumen





heilt innst i draumen spring du
mellom husa i regnet
den blå ulljakka over hovudet
ryggen krum
auga lukka
i ein kant mot røynda

Monday, January 05, 2009





Ljos trekkjer
som blod gjennom årane

I denne ljosstraumen finst du
Eg såg deg aldri kome

Det finst eit punkt i auget
som er blindt